Pre-Christian hǫrgr: passages through barriers

Eldar Heide gav nyleg ut den vitskaplege boka Pre-Christian hǫrgr: passages through barriers på Universitetsforlaget. Boka drøftar den germanske kultstadstypen horg (hǫrgrhargher, m.m.), med utgangspunkt i stadnamn. 

Kva ein horg var, har det vist seg vanskeleg å finne ut av. Rådande syn i over 100 år har vore at grunntydinga var ‘røys’, ‘knaus’, ‘fjell’ eller liknande, forstått som variantar av den same ideen. Då har ein tenkt seg at folk kunne ofre på slike stader, særleg på røysar, og i neste omgang bygge tak over offerstaden. Så har det utvikla seg til ein kultbygning. I arkeologien står dette synet så sterkt at røysar på utgravingar rett som det er blir peika ut som horgar. 

Sjekkar ein i kjeldene, så viser det seg at grunnlaget for dette synet er veikt. Norrøne og gammalsvenske ordbøker forklarer horg (hǫrgr / hargher) som ‘steinrøys, varde’. Men i tekstane finst det ikkje grunnlag for desse definisjonane, korkje her i Norden eller i Tyskland og England. Dei gammalgermanske tekstane kan ikkje fortelje oss kva ein horg var. Etymologiske vurderingar har berre ført til sirkelresonnement.

For å prøve å løyse problemet, undersøker Heide i boka landskapet rundt alle stader med namn på horg i Norden. Det viser seg at landskapet rundt dei fleste stader med gamle horg-namn er knytt til passasje gjennom landskapsbarriere: ferdaveg gjennom fjellmassiv, vatn som bryt gjennom morene, reint farvatn gjennom skjergard, osb. Nokre få tilfelle ser ut til å reflektere kultanlegg som etterliknar landskapsforma, med menneskeskapte barrierar og passasjar – som ringar av ståande steinar. Dette kan vera brua over til horg som kultbygning.

I komparativ religion finn vi mange parallellar til at knappe passasjar har fått ei kultisk side. Mellom anna ligg samiske offerstader i mange tilfelle på slike punkt, og førestillingar om liminale tilstandar vil lett knytast til slike stader, peikar Heide på.

Boka er fritt tilgjengelig i sin helhet her.


Om forfatteren

Eldar Heide er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Han er doktor i norrøn filologi (2006), har mellomfag og tre feltsesongar som arkeolog og har publisert breitt innanfor nordisk språk og kulturhistorie. Sidan 2022 har han drive podkasten Tru og meining i gammal tid.

Forrige
Forrige

The Routledge Handbook of Gender Archaeology

Neste
Neste

Norsk Arkeologisk Selskap og Fortidsminneforeningen klager på Viken Park-planene